Eit av tiltaka i bibliotekmeldinga er Nasjonalt leseår 2010, etter forslag frå NBF og LO i fellesskap. Dette er ei viktig markering av kva rolle biblioteka kan ha i eit samfunn der du skulle tru at folk var godt skolerte, men der internasjonale testar syner eit aukande problem – nemleg at det krevst mykje meir å forstå tekstar og andre former for kommunikasjon i dag enn for nokre tiår sidan. Overskrifta var tittel på ein konferanse Rogaland fylkesbibliotek arrangerte i 2002. Der fekk vi mellom anna høyre at manglande tekstforståing var ein sikkerhetsrisiko blant oljearbeidarane i Nordsjøen og at arbeidsgjevarane måtte inn med ekstraordinære tiltak slik som grunnleggjande leseopplæring.
Undersøkjingar viser og at tekstar har vorte meir kompliserte, og at manglande lesedugleik kan føre med seg at folk ikkje får tilgong til arbeidslivet. Det er ikkje nok å kunne lese, du skal kunne forstå og nytte det du les – som faglitteratur, manualar og prosjektdokumentasjon. Kor mange er det som les rettleiingar, t.d. når dei installerar nye dataprogram på datamaskinen? Og ville du eigentleg forstått heile innhaldet om du faktisk hadde gått gjennom dei juridiske formuleringane ? Continue reading ‘Forstå eller forgå’



Siste kommentarer