Stortingsbehandling

Bibliotekmeldinga blei handsama saman med Digitaliseringssmeldinga i Stortinget 16. juni. Referatet kan lesast på Stortingets nettsider. Meldingane blei hansama som sak 27 og 28.

Komiteinnstilling

9. juni blei familie- og kulturkomiteens innstilling om St. meld. nr. 23 (2008-2009) Bibliotek. Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid lagt ut.

Stortingsmelding nr. 23 (2008-2009)

ABM-utvikling har laga ei oversikt over tiltak som det er gjort framlegg om i bibliotekmeldinga. Tiltaka er sortert etter om dei skal gjeras eller om dei skal vurderas. Vi gjer merksam på at meldinga også drøftar fleire emne enn det som står oppført under tiltaka.

bibmeldforside

St.meld. nr. 23 (2008-2009)
Bibliotek. Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid


Dokumentet i html-format
Dokumentet i pdf-format (3.8 mb)
Pressemelding frå KKD 17.04.09


Tiltak i meldinga

Skal gjerast

Harmonisere lovverket:

Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil harmonisere lovverket for folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek for å styrkje samarbeidet mellom biblioteka. (s. 98)

Nasjonalt leseår 2010 og eit nasjonalt leseløft i perioden fram mot 2014:

Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap etablere eit nasjonalt leseår i 2010 som start på eit nasjonalt leseløft i perioden 2010-2014, retta mot både barn, unge og vaksne. (s. 12, 135)

Nasjonal aktør i Den kulturelle skulesekken:

Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil styrkje litteraturformidling, leselyst og lesedugleik ved å utnemne Norsk Forfattersentrum som nasjonal aktør for litteratur i Den kulturelle skulesekken, og ved å utvikle folkebiblioteka som arena for lesing og litteraturformidling. (s. 12, 135)

Organisasjonsmodellar:

Kultur- og kyrkjedepartementet vil stimulere til samarbeids- og samordningsløysingar i biblioteknettverket lokalt og regionalt. Målet er å prøve ut ulike organisasjonsmodellar, og gje rom for kreativ og fleksibel utprøving med basis til dømes i vertskommunemodellen. (s. 110)

Samarbeidsavtaler:

Det skal etablerast ei ordning med friviljuge samarbeidsavtaler om bibliotekutvikling mellom staten og fylkeskommunane som verktøy for å gjennomføre nasjonal politikk og stimulere til fylkeskommunale og kommunale bibliotekplanar. (s. 110)

Modellbibliotek:

For å vidareutvikle biblioteka som offentleg møtestad og synleggjere folkebibliotek med god funksjonalitet, møtestadfunksjon og gode partnarskap vil Kultur- og kyrkjedepartementet opprette ei ordning med modellbibliotek. (s. 12, 134)

Folkebiblioteket som brubyggjar og møtestad:

For å stimulere til breiare samarbeid og samhandling mellom biblioteka og det friviljuge organisasjonslivet, vil Kultur- og kyrkjedepartementet etablere eit eige prosjekt som kan styrkje folkebiblioteka som samfunnsmessig brubyggjar og møtestad for grupper som i dag i liten grad deltek i kultur- og organisasjonsliv. (s. 134)

Midlar til regionale kulturbygg:

Frå 2010 vil fylkeskommunane forvalte meir av spelemidlane som skal gå til regionale møteplassar og formidlingsarenaer for kultur. Departementet vil utarbeide nye retningsliner for bruken av midlane. (s. 135)

Digitalisering:

For å etablere eit godt grunnlag for nødvendig samordning av digitaliseringsarbeidet, vil Kultur- og kyrkjedepartementet etablere eit råd samansett av sentrale aktørar på abm-feltet. Departementet vil utarbeide mandat for rådet. (s. 121)

Biblioteksøk:

Nasjonalbiblioteket i samarbeid med ABM-utvikling og andre involverte aktørar vil etablere ei teneste med felles søk i alle bibliotekkatalogane i norske bibliotek og ei ordning med brukarinitiert fjernlån. Moderniseringsbehov i Norsk samkatalog for bøker er utgangspunkt. Det vil vere behov for å stimulere folkebiblioteka til å oppgradere den teknologiske infrastrukturen slik at dei kan delta i ei slik teneste. Ei slik teneste er viktig også for på sikt å realisere eit felles søk på tvers av arkiv, bibliotek og museum. (s. 12, 89)

Nasjonalbibliografien:

Nasjonalbiblioteket vil forenkle arbeidet med Nasjonalbibliografien. Målet bør vere at kvart dokument vert katalogisert ein gong, og at det vert lagt til rette for enkel gjenbruk av metadata ved andre institusjonar. (s. 89)

Frikjøpe verna materiale:

Nasjonalbiblioteket vil avklare opphavsrett og personvernspørsmål slik at mest mogeleg av det digitaliserte materialet kan gjerast tilgjengeleg. Nasjonalbiblioteket vil gjennomføre prøveprosjektet Bokhylla.no der verna materiale vil bli frikjøpt og gjort allment tilgjengeleg digitalt og på sikt danne modell for en avtalelisens for digitalt materiale. (s. 12, 89)

Opphavsrett og personvern:

Kompetanse på opphavsrett og personvern skal samlast i Nasjonalbiblioteket og i Arkivverket. Desse kompetanseeiningane skal yte tenester til andre abm-institusjonar ved behov. (s. 121)

Samisk bibliografi:

Nasjonalbiblioteket vil arbeide vidare med å utvikle ein felles samisk bibliografi i samarbeid med dei andre nordiske nasjonalbiblioteka og eventuelt det russiske nasjonalbiblioteket. (s. 146)

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB):

Kultur- og kyrkjedepartementet vil sjå til at produksjonsnivået ved NLB vert halde oppe og at tenestene vert utvikla i takt med den teknologiske utviklinga. (s. 152)

Digital kompetanseheving i folkebibliotek:

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har gjeve støtte til eit pilotprosjekt som skal styrkje folkebiblioteka som arena for digital kompetanse. Prosjektet skal leggje grunnlaget for slike satsingar i alle større folkebibliotek. (s. 12, 134)

Fengselsbibliotek:

Kultur- og kyrkjedepartementet vil fullføre planen for bibliotektenester i fengsel slik at alle innsette får eit godt bibliotektilbod. (s. 152)

Skulebibliotekutvikling:

Kunnskapsdepartementet har sett i verk eit eige program for skulebibliotekutvikling i perioden 2009-2012. Programmet inneheld tiltak for å styrkje lesing, kompetanseutvikling og  kunnskapsdanning, informasjonskompetanse og statistikk, regelverk og samarbeid. (s. 12, 135)

Bbibliotek i helseinstitusjonar:

Kultur- og kyrkjedepartementet vil overføre ansvaret for drift og finansiering av bibliotektenester i helseinstitusjonar til helsevesenet. (s. 152)

Kartlegging og analyse:

Det skal utviklast eit samla grep når det gjeld kartleggingar og analysar av abm-feltet. Dette skal kunne gje samla tilstandsrapportar om abm-feltet som kan tene som grunnlag for å vurdere vidare politikkutforming. (s. 121)

Skal vurderast

ABM-utviking og Nasjonalbiblioteket:

Kultur- og kyrkjedepartementet vil i samråd med relevante departement og styret for ABM-utvikling vurdere om det kan vere tenleg med ei nærare samordning eller samanslåing av bibliotekoppgåver i Nasjonalbiblioteket og ABM-utvikling – eventuelt om det kan vere ei løysing å overføre bibliotekoppgåver frå  ABM-utvikling til Nasjonalbiblioteket. (s. 121)

Kompetanseutvikling:

Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere tiltak for å styrkje og utvikle kompetansen i heile biblioteksektoren. Eit kompetanseutviklingsprogram for heile biblioteksektoren vil verte vurdert. (s. 12, 110)

Bibliotekutdanninga:

Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere behovet for å evaluere grunnutdanninga i bibliotekfag på ny. (s. 110)

Nasjonale lisensar:

Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap med andre involverte aktører vurdere korleis arbeidet med nasjonale lisensar bør utviklast vidare. (s. 12, 89)

Lisens- og konsortiearbeidet:

Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere korleis arbeidet med lisens- og konsortieavtaler skal utviklast vidare, og i særleg grad vurdere samarbeid i Norden og i Europa. (s. 89)

FoU på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet:

Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil i fellesskap vurdere tiltak og eit samarbeid som kan styrkje forsking og utvikling på arkiv-, bibliotek- og museumsfeltet. (s. 12, 121)

Digitale tenester i folkebibliotek:

Kultur- og kyrkjedepartementet vil få utgreidd ulike modellar for organisering og finansiering av digitale tenester i folkebiblioteka. (s. 89)

Innkjøpsordninga for musikk:

Kultur- og kyrkjedepartementet vil følgje opp arbeidet med å gjere innkjøpsordninga for musikk medieuavhengig. (s. 89)

Lånesamarbeid og logistikk:

Statstilskotet til Fjernlånssentralen ved Deichmanske bibliotek vil verte fjerna. I staden vil departementet vurdere andre tiltak som kan medverke til å styrkje lånesamarbeidet og logistikksystemet i biblioteknettverket. Ei vidare utvikling av Depotbiblioteket ved Nasjonalbiblioteket vil vere eit viktig enkelttiltak. Det vil også bli teke initiativ til å prøve ut alternative leveringsmåtar for bibliotekmateriale, som til dømes Bok-i-butikk. (s. 98)

Forskrift lånesamarbeid:

Det vert utarbeidd nye, felles retningsliner for lånesamarbeid, og Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere å fastsetje forskrift for lånesamarbeid og registrering med heimel i folkebiblioteklova § 3. (s. 98)

Biblioteklova:

I ein prosess for å harmonisere lovverket på bibliotekfeltet vil Kultur- og kyrkjedepartementet også vurdere justeringar i folkebiblioteklova. (s. 98)

Rammer for kultur- og litteraturformidling i biblioteka:

Kultur- og kyrkjedepartementet vil vurdere ordningar som kan medverke til klarare og betre rammer for kultur- og litteraturformidling i biblioteka. (s. 135)

Norsk-russisk bibliotekteneste:

Norsk-russisk bibliotekteneste i Kirkenes vil verte vurdert innanfor ramma av handlingsplanen for norsk-russisk kultursamarbeid som vart signert i januar 2009. Det flerspråklige bibliotek ved Deichmanske i Oslo vil framleis ha det nasjonale ansvaret for russiske bibliotektenester, (s. 146)

Det samiske perspektivet:

Kultur- og kyrkjedepartementet vil syte for at det samiske perspektivet vert vareteke i nasjonale satsingar på bibliotekfeltet. (s. 146)

Det flerspråklige bibliotek:

Kultur- og kyrkjedepartementet vil styrkje og utvikle Det flerspråklige bibliotek som eit nasjonalt kompetansesenter for bibliotektenester til minoritetspråklege. Biblioteket kan i aukande grad medverke som kursarrangør og koordinator for prosjekt og nettverksarbeid. (s. 146)

Kulturelt mangfold:

For å styrkje biblioteka som bidragsytarar til inkludering, integrering og kulturelt mangfald, er det nødvendig med meir systematisk utviklingsarbeid på dette området. (s. 146)

Samisk innkjøpsordning:

Sametinget vil undersøkje om det skal innførast ei innkjøpsordning for samisk litteratur, korleis ei slik ordning bør organiserast, og kva omfang ho eventuelt bør ha. (s. 146)