Author Archive for Gunnar Urtegaard

ABM-tenester utanfor institusjon

Tysdag 5. mai gjekk med til møte, telefonar, e-post og anna. Denne dagen var og 340 personar innom Digitalt fortalt, 739  las eit eller anna på heimesidene til ABM-utvikling, 117 sjekka ABM-bloggen og kring 3600  vitja Kulturnett.no. Eg har ikkje tal for besøk på dei regionale kulturnetta sine sider. Dei som har mykje innhald har stor trafikk. Det veit eg.

Tek me utgangspunkt i desse tala og strekkjer dei 12 månader fram vil 124.000 koma til å besøka Digitalt fortalt, 42.000 vil lesa ABM-bloggen, 270.000 vil vitja ABM-utvikling sine nettsider og 1.3 millionar vil lesa eit eller anna på Kulturnett.no. Er dette gode tal ? Det veit eg ikkje. Dei kan heilt sikkert bli betre. Digitalt fortalt er t.d. nystarta. Her vil tal forteljingar auka mykje og det vil nok trafikken gjera og. Me kan med stor rett hevda at det er på Internett ABM-utvikling møter folk, ikkje på kontora, i telefonen eller i møteromma.

Continue reading ‘ABM-tenester utanfor institusjon’

Eg, ein fråfallen bibliotekbrukar

For nokre månader sidan skaffa eg meg lesebrett. A5, lite og lett med pent, svart skinnomslag. Eg tek det med på flyreiser, på stranda og det ligg alltid nær meg på nattbordet. Der låg det før helst ei eller fleire bøker frå mitt lokale bibliotek.

Eg føler eit stikk av dårleg samvit. Eg nyttar ikkje biblioteket slik som før. Det går nok over. Å nytta lesebrettet er som å lesa på papir, kanskje betre. Ikkje baklys som ein skjerm. Eg kjem neppe  til å lesa bøker på ein pc-skjerm i fritida. På lesebrettet ligg biletet stødig og godt. Her kan eg ha ei bok, fem, hundre eller tusen på same tid. Nye titlar kan hentast og leggjast inn 24 timar i døgnet, frå godstolen, frå senga eller frå tog og båt. Eg har og etter kvart svikta nettbokhandlaren min. Han leverte alltid snøgt og greitt papirbøkene eg hadde tinga. Continue reading ‘Eg, ein fråfallen bibliotekbrukar’

Det nye abm-faget

Abm-søk er den raude tråden og den store, nye visjonen i digitaliseringsmeldinga. Her tek meldinga brukarane på alvor.

Hovudretninga på digitaliseringsmeldinga er nettopp korleis brukarane skal få samordna tilgjenge til kultur og kunnskap frå mange ulike institusjonar og sektorar, skriv departementet. Dette er kjernen i abm-perspektivet og det eg vil kalla det nye abm-faget. Abm-perspektivet i Europeana styrkjer framveksten av eit eige fag – og forskingfelt: abm-faget.

Mange sentrale spørsmål må vurderast på nytt i eit abm-perspektiv. Det er faktisk ein føresetnad for at me skal lukkast over tid med denne visjonen. Me må ta kjende gamle løysingar og tankemønster i hendene. Me må få dei litt på avstand, snu på dei, sjå dei i nytt lys og frå nye vinklar. Continue reading ‘Det nye abm-faget’

Forvaltningsnivå og samarbeid ?

Me har fått st. meld nr. 24, Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv. Nær 10 år er gått sidan st. meld 22, abm-meldinga.Eg har lese gjennom bibliotekmeldinga og digitaliseringsmeldinga. Kvifor er dei så ulike ? Det er min første tanke. Ulike i perspektivet og ulike i tenkjemåte. Biblioteka skal utviklast av dei tre forvaltningsnivåa i tett samarbeida, men med ulike rollar. Digitalisering av kulturarven ser ut til å vera gjort til ei statleg sak, ei KKD-sak.

Continue reading ‘Forvaltningsnivå og samarbeid ?’