ABM-blogg.no er eit kommunikasjonsverktøy frå ABM-utvikling. Bloggen skal stimulere til offentleg samtale i samband med at regjeringa våren 2009 legg fram tre stortingsmeldingar om abm-sektoren for Stortinget.
Bloggarane er tilsette i ABM-utvikling som kommenterer, utdjuper og viser relevante eksempel på tema, forslag og utfordringar som blir reist i dei tre stortingsmeldingane som bibliotek, digitalisering og museumsreformen.
Målgruppa er tilsette i arkiv, bibliotek og museum, kulturpolitikarar, utdanningssektoren, journalistar og andre kulturinteresserte.
Kommentarar kan sendast inn til alle artiklar og kommentarane vert synlege for alle som besøker bloggen. Det blir ikkje gjort saksbehandling, men kommentarane vil ofte vere kjelde og utgangspunkt for nye artiklar på bloggen.
ABM-blogg.no skal stimulere til samtale om utviklinga av abm-sektoren. Samtidig testar vi ut korleis nye mobile og sosiale teknologiar aktivt kan brukast til å fornye dei offentlege tenestene. Innlegg som inneheld direkte feilinformasjon eller støytande skuldingar vil bli fjerna.
ABM-utvikling har i tillegg ei heimeside der du kan lese meir om offisielle høyringsmerknader, publikasjonar og bruk av utviklingsmidlar.
Siste kommentarer