2 000 nye stillingar

bibliotekparaplyenBibliotekorganisasjonane har blinka ut seks saker som dei ber Stortinget fokusere på under handsaminga av bibliotekmeldinga. Norske bibliotek treng 2 000 nye stillingar for å kome opp på det same faglege nivået som Finland og Danmark. “Fylkesbibliotekenes betydning og ABM-utviklings rolles om utviklingsaktør må beholdes og videreutvikles”.

Dette er noko av det som kjem fram i eit brev til Stortinges familie- og kulturkomite.

Bibliotekorganisasjonene har samla seg i nettverket “Bibliotekparaplyen” og i eit brev av 14. mai 2009 stiller dei seks krav til Stortinget:

1) Løns- og stimuleringsmidlar
2) Program for utvikling av modellbibliotek
3) Fylkesbibliotekets betydning og ABM-utviklings rolle
4) Kompetanseutvikling
5) Nasjonale lisensar
6) Investering i bibliotekbygg

Høyringa i Stortinget er nå avslutta, men komteen tek imot skriftlege innspel og saksordførarar og partifraksjonane formulerer nå tekstar til innstillinga som i fylgje Stortinges nettside skal liggje føre 9. juni.

0 Responses to “2 000 nye stillingar”


  1. Ingen kommentarer

Leave a Reply