Det heiter ikkje bok lenger. No må du ha minst ein bokstav i tillegg for å forklare kva du les. Det forstod eg då eg var fluge på veggen i Stortinget i går kveld. Elektroniske bøker, avgiftsfritak, økonomi, kompetanseheving, leseår og forholdet mellom ABM-utvikling og Nasjonalbibliotekt var dei mest sentrale emna for dei ni organisasjonane som i går kveld var på høyring i familie- og kulturkomiteen i Stortinget.Det var ein samstemt bodskap om at både myndigheiter og aktørane i framtida må satse mykje på nye elektroniske distribusjonsformer for litteratur.
Kommunenes Sentralforbund opna ballet. Dei var godt nøgde med meldinga og signaliserte ei positiv haldning til vertskommunemodellen. For KS er det greit at det ikkje lenger er lovpålagt å ha eit fylkesbibliotek. KS argumenterte sterkt for auka rammeoverføring til kommunane.
Kompetanseheving og ei sterkare satsting på skolebibliotek var det viktigaste for Fagforbundet. Dei kom også inn på forholdet mellom ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket. ”Nasjonalbiblioteket er eit bibliotek og aktør i marknaden, ABM-utvikling noko heilt anna og meir overordna for sektorane”, sa representanten med fortid som biblioteksjef. Ho hadde ”stukke av” frå den pågåande LO-kongressen og fortalde den interessante historia bak samarbeidet mellom Nøtterøy og Tønsberg som har hatt felles bibliotekteneste sia 1927.
Også Norsk bibliotekforening ga støtte til arbeidet i ABM-utvikling, men representantane var naturleg nok dei som hadde den lengste – og mest gjennomarbeidde, lista med framlegg til tiltak. Breiare samarbeid, både regionalt og innanfor kommunen, styrke leddet nærast brukaren, kompetanseform, særskilt leiarutvikling, leseår, auka prosjektmidlar var noko av dei mange punkta dei rakk å framføre innanfor dei 15 minuttane dei hadde til rådvelde, – tid som også skal gå med til spørsmål frå representantane. ”NB er eit viktig operativt bibliotek, ABM-utvikling ein utviklingsaktør og forvaltningsinstans”, sa dei.
Så følgde dei på.
Bibliotekarforbundet var om mogleg ytterlegare prinsipiell i tenkinga om forholdet mellom ABM og Nb og dei peikte på Drammensbiblioteket som ein rollemodell der ein har lukkast å sameine både folkebiblioteket, fylkesbiblioteket og fagbiblioteket i same bygning. Dei etterlyste fleire stillingar for å kome opp på nivå med Finland og Danmark. På konkrete spørsmål frå komitemedlemene kom svaret: ”Vi treng 2000 nye stillingar for å bli like gode som grannelanda, i staden har vi mista 105 årsverk, jf abm-statistikken”.
Den norske Bokhandlerforening var svært oppteken av at biblioteka og forlaga finn felles plattformar for tilgang til og distribusjon av elektroniske bøker. Distriktsbokhandelen er under sterkt press og med store krav til omstilling og behov samarbeid med aktørar. Den norske Forleggerforening satsa alt på ein bodskap – få fritak for meirverdiavgift for e-bøker.
Norsk fagbibliotekforening var oppteken av prosessen som er før materiale og rapportar blir publisert og dei store kostnadene ved å få tilgang til elektroniske tidsskrift og lisensar. Norsk Teaterråd presenterte Dramas – manusbibliotek på nett.
Leser søker bok etterlyste rask planlegging for at leseåret 2010 skal bli vellukka. Dei ønskte seg ein norsk versjon av det engelske prosjektet Quickreads. Og meir pengar til å involvere fleire bibliotek i leseprosjekt. På konkrete spørsmål frå komiteen opplyste dei at prosjektmidlane frå ABM-utvikling hadde mogleggjort at dei kunne få gjort nye prosjekt. Og leser søker bok er nok den som framstod som mest lobbyvant – dei hadde ferdigskrive forslag til komitemerknader. Klipp og lim!
Frå komiteen deltok May Hansen (SV), Britt Hildeng (A), Olemic Thommessen (H), Karin Woldseth (Frp), Trine Skei Grande, May Helen Molvær Grimstad (Krf) og Trond Lode (Sp). Det kom korte spørsmål frå fleire av medlemene, flest frå Hansen som er saksordførar for bibliotekmeldinga.
Som tilhøyrar på bakre benk må eg få gje ros til komiteleiar Molvær Grimstad som skapte ei veldig vennleg og god atmosfære for alle dei som kom til høyringa. Dei folkevalde – i alle partia – er genuint opptekne av biblioteket si rolle i samfunnet, og fleire stilte veldig relevante spørsmål. Og dei la vekt på at dei skriftlege innspela til høyring er svært viktige. No jobbar dei vidare med saka, mot 9. juni som er komiteens frist for å ha ferdig tilrådinga.
Kvifor eg sat der? Vi jobbar på spreng med eit nytt nummer av magasinet ABM slik at det skal vere ute ”på gata” i neste veke, før komiteinnstillinga er klar. I dette nummeret har vi ei brei dekning av bibliotekmeldinga og digitaliseringsmeldinga og stiller vi tre konkrete spørsmål til kvar av representantane.
Og noko har eg altså lært. Det som før berre var ei bok heiter altså heretter p-bok.
P for papir.
0 Responses to “E-bok, p-bok og l-bok”
Leave a Reply