Gratulerer Jærmuseet

JærmuseetI kveld vart Jærmuseet kåra til eit av Europas beste museum. I konkurranse med over 50 andre museum fekk dei prisen “The Micheletti Award” som beste industri eller tekniske museum. Prisen som beste europeiske museum 2009 gjekk til Salzburg Museum i Austerrike.

Det var ein stolt direktør Målfrid Snørteland som tok imot prisen under den store museumsgallaen European Museum of the Year Award (EMYA) i Bursa i Tyrkia. Jærmuseet stilte som norsk kandidat. 32 museum frå 26 land i Europa var att i finaleheatet under kåringa i kveld.

Juryen var spesielt imponert over arbeidet med å bygge opp den nye vitenfabrikken og museets evne til å stimulere dei besøkandes nysgjerrigheit og kunnskap om vitskap og teknologi. Juryen fann det også interessant at dette museet dekker eit større regionalt område med mindre lokale einingar samla under den felles papaplyen Jærmuseet.

Europa har altså lagt merke til den norske museumsreformen. I august i fjor hadde museet besøk av mine jurykollegaer François-Xavier Nève frå Belgia og Mikhail Gnedovsky frå Russland. Besøket vart dekt av både Stavanger Aftenblad og Jærbladet.

Og for å gjere det heilt klart, – det er jurymedlemenes besøksrapportar som gjorde utslaget. Ikkje at eg er norsk medlem i juryen. Instruksen om ”å halde ganske kjeft” når ein handsamar eigne lands kandidatar er ganske klår. Men det er fullt fortent at museet no mottek denne prisen og det er mi fulle støtte at dei får den. Dei to Målfridane gjorde eit svært solid inntrykk under presentasjonen på torsdag. På ein folkeleg og engasjert måte fortalde Målfrid Snørteland om oppbygginga og tenkinga bak museet, medan Målfrid Grimstvedt demonstrerte ei gamal reidskap til å heise vekk stein frå jordene på Jæren.

Og Jærmuseet har fleire knoppskytingar på gang. Neste mål er å realisere eit heilt nytt Garborg-senter, samlokaliserast med det lokale biblioteket. Nesten eit lokalt abm-senter.

I kveld smiler eg i Bursa!

0 Responses to “Gratulerer Jærmuseet”


  1. Ingen kommentarer

Leave a Reply