ABM-tenester utanfor institusjon

Tysdag 5. mai gjekk med til møte, telefonar, e-post og anna. Denne dagen var og 340 personar innom Digitalt fortalt, 739  las eit eller anna på heimesidene til ABM-utvikling, 117 sjekka ABM-bloggen og kring 3600  vitja Kulturnett.no. Eg har ikkje tal for besøk på dei regionale kulturnetta sine sider. Dei som har mykje innhald har stor trafikk. Det veit eg.

Tek me utgangspunkt i desse tala og strekkjer dei 12 månader fram vil 124.000 koma til å besøka Digitalt fortalt, 42.000 vil lesa ABM-bloggen, 270.000 vil vitja ABM-utvikling sine nettsider og 1.3 millionar vil lesa eit eller anna på Kulturnett.no. Er dette gode tal ? Det veit eg ikkje. Dei kan heilt sikkert bli betre. Digitalt fortalt er t.d. nystarta. Her vil tal forteljingar auka mykje og det vil nok trafikken gjera og. Me kan med stor rett hevda at det er på Internett ABM-utvikling møter folk, ikkje på kontora, i telefonen eller i møteromma.

Me manglar gode tal på bruk av tenestene

Digitaliseringsmeldinga inneheld svært lite tal som fortel om bruken av ulike digitale tenester. Unnataket er Arkivverket. Her får me gode tal for bruken av Digitalarkivet. For bibliotek og museum er det vanskeleg å finna tal som fortel kor mange som brukar dei digitale tenestene som vert omtala. Bibliotekmeldinga tek opp dette spørsmålet. Departementet slår fast at det finst for lite data om kva som skjer i abm-sektoren. Me veit kort og godt for lite om kva som skjer i eit abm-landskap i svært stor endring.

”Med utgangspunkt mellom anna i ulike former for indikatorsett og spesielle kartleggingsprosjekt skal det lagast samla tilstandsrapportar om det som rører seg i feltet. Det kan i sin tur tene som grunnlag for å vurdere korleis den konkrete politikken på feltet bør utformast.”

(Bibliotekmeldinga side 119.)

Digitalarkivet og brukarane

Digitalarkivet vart lansert i januar 1998 som eit samarbeid mellom Historisk Institutt ved Universitetet i Bergen og Statsarkivet i Bergen. Etter at dei landsdekkande folketeljingane frå 1865 og 1900 vart lagde ut, kom talet på daglege besøk snøgt opp i 4-5000 alt første året. No er mellom 15.000 og 17.000 innom Digitalarkivet dagleg.

Tilbodet førte til at Statsarkivet fekk mykje epost og mange telefonar. Folk ville vita meir. Dei første dagane var dette berre kjekt og gledeleg, men det auka berre på og vart etter kvart eit problem.

Våren 1999 oppretta Digitalearkivet brukarfora på nettet. Her kunne brukarane stilla spørsmål til andre brukarar samstundes som arkivet og kunne ta unna ein del.

I dag svarar brukarane sjølve på kring 80% av alle spørsmåla, i alt nær 8500 spørsmål i året! Digitalarkivet har alltid hatt ein medviten strategi om å ha eit nært tilhøve til brukarane. Det gir brukarane ei sterkare kjensle av å vera medeigarar i nettstaden enn om dei berre fekk lov å vera passive brukarar. I dag svarar brukarane på 80 % av spørsmåla og kanskje enno viktigare – dei leverer 80 % av alt nytt tilfang til i basane. Brukarane tilfører nettstaden positivitet, engasjement og dugnadsånd.

Kulturnett Sogn og Fjordane

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane byrja tidleg med tenester på nettet. Dei første kom i 1995/96. Institusjonen hadde på den tid besøk av nokre hundre gjester på lesesalen gjennom året. Kulturnett Sogn og Fjordane opna i 1998. Brått steig talet på besøk frå lesesalsnivået på nokre hundre i året, til over 100.000 og etter kvart til fleire hundre tusen besøk på nettstaden i året.

Arkivet opna og for at brukarane kunne leggja inn opplysningar om eldre foto og om emigrantar til USA. Dei første dagane var dette kjekt og teikn på god respons, men dei tilsette drukna snart i spørsmål og opplysningar som burde handsamast. Me innsåg at dette måtte me gje opp. Dei fekk bruka tenesta og kvarandre. Kommentarane til emigrantar og til foto var gode og utfyllande, men me makta ikkje handsama dei slik me først trudde me skulle. Me måtte berre la dei leva sitt eige liv og verta synlege for andre brukarar som ei ny og viktig teneste. Etter kvart har mange tusen bilete fått god dokumentasjon frå dei som har vitja nettstaden. Her ser me korleis gamal tankegang og tilnærming på mislukka vis vart freista nytta på nytt og brukargenerert tilfang. Det må få leve sitt eige liv, ikkje verta pressa gjennom eit institusjonsfilter.

Døma frå Digitalarkivet og frå Kulturnett Sogn og Fjordane viser oss konturane av det som skjer. Institusjonane vert på eit vis reduserte til viktige hjelpemotorar i eit stort nettverk. Brukarane tek over og driv tenestene framover slik dei ynskjer det.

Bokhylla.no

Eit av dei store tiltaka i digitaliseringsmeldinga, Bokhylla.no, er presentert i pressa før meldinga er vedteken av Stortinget. Staten skal betala kring 5 millionar i året for at alle titlar frå 1790-åra, 1890-åra og 1990-åra skal kunna lesast på Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Dette omfattar kring 50.000 titlar eller knapt 15 % av alle norske titlar som er utgjevne. Vert tiltaket vellukka og prisen den same for å opna for alle dei 450.000 norske titlane, vil årleg kostnad for frikjøp av rettar kanskje bli 30-40 millionar kroner.

Bokhylla.no byggjer på erfaringane frå Nordområdeprosjektet. Eg  tykkjer det er vanskeleg å finna tal som viser kor mange personar som har besøkt tenesta i snitt dagleg eller gjennom 12 månader. Det vert sagt at bruken har vore god. Andre har hevda at bruken har vore meir avgrensa, kring 10 besøk for dagen og nokre få tusen omrekna til besøk på årsbasis. Dette er uansett eit dristig og spanande tiltak som me vil fylgja med stor interesse framover. Spanande fordi det kan få mange utfall og mange konsekvensar, mellom anna:

- Verta ein stor suksess og føra til at norske titlar vert meir lesne, også eldre utgjevingar

- Brukarane er interesserte, men at formatet med skjermlesing ikkje er tiltalande nok. Kanskje vil brukarane forlanga at tenesta leverer i e-bokformat

- Påverka folk sine vanar når det gjeld bruk av biblioteka

- Påverka biblioteka, vil dei ta lettare på norsk litteratur frå t.d. 1990-åra og visa til bokhylla.no ?

- Påverka prisnivå og metodar for frikjøp av materiale

- Det kan visa seg at interessa frå brukarane er for låg i høve til kostnad og at satsinga kan påverka framtidig prioritering

- Brukarane vil heller ha anna materiale som i dag er vanskeleg tilgjengeleg

Bokhylla.no vil gje oss svært mykje nyttig erfaring frå alle fasar i arbeidet – frå digitalisering i den eine enden til bruken av materialet i den andre. Prosjektet skal evaluerast i 2011. Eg vil gje ros til NB for ei stor satsing, og vonar på ein god debatt kring erfaringane framover.

Lesesalen tømmest for folk

Statsarkivet i Bergen hadde jamnt over 30 personar på lesesalen sin før dei opna Digitalarkivet. I dag sit det gjerne berre 3-5 personar i den flotte lesesalen med eikemøblane. Statsarkivet seier dei ynskjer denne utviklinga. Det gjer brukaren og. Arkivet får frigjort ressursar til andre oppgåver. Brukarane fungerer på eit vis som ein enorm og kanskje litt ustyrleg avdeling av Statsarkivet og arkivverket. Med all respekt for dei tilsette i Statsarkivet i Bergen så trur eg nok den samla kompetansen i den “nye” avdelinga er langt større enn i institusjonen.

Når ein etablerer slike tenester utanfor institusjonane, startar ein samstundes prosessar som litt etter litt endrar institusjonane sin samfunnsrolle på mange område. Det endrar og brukarane og det endrar dialogen. Me har berre pirka litt bort i desse spørsmåla her. Endringane kan i mange høve frigjera ressursar som så gir institusjonane endå større valfridom når det gjeld kursen framover. Dette er viktige spørsmål som må takast opp i kjølvatnet av digitaliseringsmeldinga.

0 Responses to “ABM-tenester utanfor institusjon”


  1. Ingen kommentarer

Leave a Reply